HOW – inopiné

by Mia Habib. 


Reflections and writings on the work and texts proposed by Mia Habib.



photo: Yaniv Cohen

inopiné:
"Det uventa" – Jean-Luc Nancy
-> Not yet imagined
-> For å kunne endre noko må ein kunne gå frå ein stad som er uventa.


Refleksjon.



André Lepecki går inn i Hannah Arendt sine tankar om sambandet mellom politikk og fridom. Arendt definerer meininga med politikk som fridom og seier samtidig at mennesket ikkje veit korleis det skal "røre seg"/ flytte seg   [zu bewegen: move] politisk. Vi veit ikkje korleis vi skal røre oss fritt. Hennar største frykt er at det politiske vil forsvinne i frå verda dersom vi ikkje vil forstå korleis vi skal røre oss fritt. Lepecki går vidare med å finne ei sanning i at både meininga, målet og retninga med politikk er fridom. For å kunne røre seg fritt krevast øving og utforsking. Det er dette som vil forsvinne om det politiske forsvinn frå verda, meiner han.

Deleuze har redefinert det sosial-politiske feltet med tanke på spørsmålet om å kunne røre seg fritt – choreopolitics of freedom (noko som er relevant og ikkje minst svært viktig i forhold til enactment of freedom i dagens "control societies").

Dette krever nyoppfinningar som opnar for ei eksperimentell øving for fridom (kunst). I dette opnast det opp for eit politisk (fritt) subjekt som har som oppgåve å kreve tilbake rom for rørsle/mobilitet. Lepecki kaller dette subjektet for dansaren. "I propose the notion of the choreopolitical as the formation of collective plans emerging at the edges between open creativity, daring initiative and a persistent – even stubborn – iteration of the desire to live away from policed conformity". Hengivenheit er oppgåva til det frie subjektet.


Forsythe kaller koreografi "art of command", då koreografi skaper ulike system for lydigheit. I samband med dette synet skapast uttrykket choreopolice, som beskriv funksjonen til politiet. Politiet kontrollerer rørsle i samfunnet. Politiet utøvar ei form for koreografi som er med på å kvele fridomen, då dei motverkar fri rørsle. Sjølv les eg dette som noko som liknar meir på regi (direction) enn koreografi. Choreopolicing kommenterer og påverker leve- og oppførselsvanar, konformitet og fridom. Foucault meiner politiet sin funksjon er primært å oppretthalde generalitsert, normal oppførsle – konformitet. Rancière seier at hovudmålet med politiet er å arbeide for ei rørsle som ikkje er fri. Lepecki oppsummerer med å seie at koreografi er overført til ei form for dagleg kontrollert rørsle/dans/oppførsle.

Verken politikk eller fridom er sjølvsagt hos mennesket og er ikkje noko som definerer eller er fundamentalt ved humanismen.




//


Verda går under og vi kan ikkje gjere noko med det. Vi lev i ei tid som kallast the Anthropocene.

Klimaendringane er den største trusselen for sivilisasjonen og planeten. Dette vil setje sikringssamfunnet ut av spel, og forårsake ei apokalyptisk framtid (flyktning, opprør, vandalisme, krig, større ulikheitar, osv.).

Kva gjer dette med korleis vi ser på det å vere menneske? Kva meinast det med å leve? Korleis gjer ein meiningsfulle val i skuggen av ei døydeleg framtid? (Er ikkje dette uansett tilfelle då vi som menneske er døydelege?)

-> filosofi = å lære korleis ein skal døy / som menneske og som sivilisasjon.

(Har ikkje dette vore ein viktig del av rolla til religionen gjennom tidene?)

Menneske er programmert til å ikkje tenke på enden/dauden.

-> å forstå at sivilisasjonen allereie er daud (då er det jo ingenting å gjere, og ingenting tankekrafta vil endre –> ergo: er det Scranton skriv poenglaust?)


Jonas Pedersen Øren 2019 — Oslo