POOL BOY

Dance film

Film & photography: Hinda Fahre
Music: Eline Thorp


 


" POOL BOY" vart spelen inn i august 2013 i plaskebassenget i bakgården til min dåverande leilighet i Casparis Gate i Oslo. Idéen bak filmen var å utforske korleis det danseriske rørslespråket mitt ville bli påverka av å jobbe med ein svært nedkjølt kropp. For meg er det interessant å bokstaveleg talt bevege seg ut av den "oppvarma" komfortsona for slik å oppdage kva for eit utruleg fysisk uttrykk kroppen automatisk gir i frå seg når han er kald. Fargane endrar seg, musklar og refleksar jobbar saktare og ein skjelv konstant. Skjelvinga og at kroppen meir eller mindre bare må gi etter for reaksjonen er utruleg visuell interessant. Det er noko vakkert og sårt ved denne forma for underkasting. Ein ser også at møtet med det kalde vatnet blir stadig meir smertefult.
Tittelen "POOL BOY" er mangetydig. Wikipedia kjem med denne definisjonen av uttrykket: A cabana boy is a male attendant (boy in this sense) performing services to the guests of a hotel or a large private estate, operating from a nearby cabaña, notably on a beach. A pool boy performs the same duties at a swimming pool. Cabana boys are typically viewed as scantily clad attractive young men who cater to their clients' every whim. Uttrykket i seg sjølv gir automatiske referansar til sex, luksus og intriger, gjerne i kjend "hot and steamy" David LaChapelle-stil. Stereotypien seier at ein pool boy i alle fall ligg med eit medlem av husstanden eller eit knippe hotellgjester. Pool boys blir forøvrig hyppig portrettert i pornografi og då særleg innanfor homoerotikken, på lik linje med andre handymen. Stor er difor kontrasten når ein møter vår pool boy. Einsam, fanga, kald og sårbar ser vi ein ung mann som driv rundt innanfor veggane i bassenget. Som ein gullfisk i ein litt for liten bolle (eit cocktailglass om ein vil) er også han fastlåst i ei lita verd. Kontrasten er stor til solbrun hud, tropisk klima og heite eventyr. Om dette har vore ein realitet er uinteressant her. Nå er huden blålilla av kulde og sexy hofterørsler lar seg ikkje gjere. Menn blir som oftast ikkje portrettert sårbare på ein openlys måte. At det er ei jente som gjer opptaka er slik også interessant. Sårbarhet er oftast framstilt som ein feminin attributt. Her handlar det likevel om den fysiske påkjenninga kulda blir og at det er kulda som skaper uttrykket. Kulda er både kontrast og eit bilete til ein fastlåst og vanskeleg realitet. Det som opprinneleg ville ha vore glossy og sexy er slitt, skittent og stivt. Om han ville/kunne er det ganske lett å trakke over den lille bassengkanten.


Jonas Pedersen Øren 2019 — Oslo