INTERVIEW

Riccardo Ruini

 PS: MAGASIN #6







EXCERPT

Ein mann bak moten


Riccardo Ruini er ein av dei som bestem korleis vi blir presenterte moten, både i kampanjar og i magasin. REM Ruini e Mariotti er eitt av dei leiande byråa i verda som jobbar med rådgiving, reklamearbeid, og PR for high end-varemerke. Ruini er partner og deleigar av REM og har i over tjue år hatt ein finger med i spelet når det kjem til korleis publikum blir presentert eit merkenamn, ein ny kolleksjon eller eit nytt produkt. Selskapet kan skilte med kundar som Valentino, Gucci, Bvlgari, Loewe, Patricia Pepe, Emilio Pucci og Vionnet, og sjølv jobba Riccardo som art director for Fendi på 90-talet.

Eg sitt i lobbybaren på The Thief og ventar på det eg tenker må vere moten og Italia sitt svar på Don Draper. På Google har eg stort sett bilete av ein stram mann på rød løpar, gjerne i smoking og med modellkona Karmen Pedaru på armen. Litt over avtalt tid ser eg Riccardo. Som Draper går eg ut i frå at fashionably late er eit uttrykk som ikkje er mykje i bruk. På grunn av forsvunnen bagasje vart han forseinka.  Han spør om eg kan ta han med til ein stad der dei har norsk mat. Eg tenkjer automatisk på Fenakroken, men det blir for langt vekke, så då er kanskje Bergshaven med laks og eggerøyre eit alternativ? ”Helst ikkje eit smørbrød”, seier han, så det blir fisk og michelinstjerner på ein restaurant like over gata.
Mens vi går pratar vi, ikkje overraskande, om fotografi og mote. Han fortel om korleis  det nye i moten og presentasjonen av moten er i endring og at festivalen han er med på å kuratere viser dette. Riccardo har eit behageleg og avslappa vesen. Han tek seg god tid til alt han gjer. Laksen blir bestilt og eg sett på bandopptakaren.


J: ”Fashion” som begrep i moten er ikkje like in vogue som før. ” Kunst som begrep er derimot heitt emne i tida Eg høyrer at fotografar og andre aktørar gjerne får beskjed om at uttrykket må sjå meir artsy, altså kunstaktig og tilfeldig ut. Kva seier du om dette?

R: Det er riktig som du seier at typiske motebilete, altså tydeleg poserte og konstruerte bilete, er ”utrendy”. I dag ser ein gjerne etter det motsatte, noko som skal opplevast nytt og annleis. Glamour [Red.amn: glamour som uttrykk har i alle andre land enn kanskje Noreg og Sverige ei tyding som handlar om forståinga av eit fenomen. Det handlar om korleis eksklusivitet og stil blir framstilt innanfor ei visuell ramme, ikkje spray-tan, syrebleika hår og ein Herve Leger-inspirert kjole i baksetet på ein senka bil på Rudskogen, evt. framsida av FHM.] som typisk fenomen i moten er ute. I samtida ser ein gjerne mot ein meir naturleg framgangsmåte, noko som nettopp er ein naturleg og forståeleg reaksjon mot det hyper-perfekte – retoucha og glossy. Det at nye stemmer og nye generasjonar i moten ser etter noko nytt er ein positiv ting. Alt går i sirkel.


J: Er det viktig, eller i det heile tatt riktig, å likestille kunst med mote?

R: I både mote og i kunst er det ulike former for kommunikasjon. Slik er det utruleg mange måtar å kommunisere på i begge felt. Ein har rein kunst og kommersiell kunst. Det same gjeld for moten som også katigoriserast i mote for moten si skuld, altså rein mote, high fashion,og kommersiell mote. Difor kan ein seie at kunst og mote står likestilt. Å seie at noko er betre enn det andre er dumt, nettopp fordi at dei har ulike funksjonar. Mote er ein bruksgjenstand som kan ha ei artistisk tilnærming, mens kunst har ingen funksjonar. Det spesifikke kunstobjektet får ein funksjon med ein gong det til dømes skal vere ein del av eit interiør. Utstillingar med verka til moteskaparar er vakre og interessante, men det er ikkje kunst ein ser på sjølv om utstillinga er på eit kjend museum eller galleri.  Moteskaparar er tiltrekte av kunsten og mange kunstnarar er fascinerte av moteverda. Eg ser slik eit flytande område mellom kunst og mote som gjer at dei to felta koplast saman. Det er for fotografar dette gjer seg mest gjeldande. I Roma såg eg ei fantastisk utstilling der kjende skulpturar av Bernini og Caravaggio vart påkledd haute couture signert Azzedine Alaïa. Ei interessant kopling mellom det som definerast som high fashion og high art – bruktsobjekt og beundringsobjekt som begge har ein tredimensjonalitet og eit felles utspring i søket etter det vakre.

J: Kan du fortelje litt meir om korleis kunst og kunstbegrepet blir brukt i skapinga av moten i dag?

R: Moteskaparane lar seg inspirere og tiltrekke av kunsten og ser gjerne etter det som gjer at det dei kreerer kan oppfattast som artsy – artistisk og kunstnarleg påverka. Enkelte designarar gjer dette naturleg på grunn av genuin interesse for kunst. Hos andre blir det meir krampeaktig – det ser ut til å kome i frå ein kommersiell ståstad. Interessa for kunsten er uekte og kjem av eit motiv om å auke oppfattinga av merkevara. Eg kan ikkje vere for spesifikk her. Det er tydeleg, ekte og interessant når det kjem frå dei som gjer det på basis av sann fascinasjon.


Enkelte designarar bruker kunst som ein del av skapingsprosessen naturleg på grunn av genuin interesse for kunst. Hos andre blir det meir krampeaktig – det ser ut til å kome i frå ein kommersiell ståstad”.



J: Korleis er det å jobbe med mote, musikk, film og kunst, for så å binde alt saman?

R: Ofte samanliknar eg arbeidet mitt med det til ein kokk; vi jobbar med å setje dei beste ingrediensane saman. I produksjonen av motefilm må ein bruke dei fleste ingrediensane i skapet. Dette er grunnen til at eg elskar å jobbe på kampanjar for parfyme, fordi filmen er ein viktig del av desse. Det handlar om å setje riktig folk til rett jobb; regissør, set design, musikk, skodespelarar og modellar, og å sørge for at dette kokar godt saman. Jobben min handlar difor ikkje berre om å kome med idéar som mange trur. Essensen er å finne riktige folk til den spesifikke jobben for den spesifikke merkevara og det spesifikke produktet. Det er spanande når gode ingrediensar fungerer bra saman og blir til noko interessant. For meg er det som å tilsetje spanande og uventa krydder i tradisjonelle rettar som gjer at det smakar betre enn originalen.




Jonas Pedersen Øren 2019 — Oslo