UT KAST




Performance for Studio Hovig.
Direction and text by Gudlaug Hovig + Jonas Øren
Idea og choreography by Jonas Øren
Performance by Cassandra Loo + Jonas Øren

Photography: Hinda Fahre



Våren 2009 vart eg tvangsinnlagd på lukka psykiatrisk avdeling ved Ullevål Universitets Sjukehus i Oslo. Der var eg i to månadar og kom ut igjen med «tittelen» bipolar. Innlegginga var eit resultat av ei stadig aukande sinnstemning, noko som igjen var eit resultat av eit veldig høgt livstempo, minimale mengder mat og søvn og skyhøge forventingar til eigne resultat og prestasjonar.

Våren 2013 sette eg, saman med Gudlaug Hovig og Cassandra Loo, opp ein performance som baserer seg på sjukehusopphaldet.  Målet var å gjenskape kjenslene, inntrykka og opplevingane som utspiller seg i og rundt ein manisk psykose og som også skal gjenspeile eit opphald ved ein mentalinstitusjon. Ved bruk av dans og rørsle, tekst og rom ville vi få publikum mentalt med inn i desse opplevingane. Men på same tid blir det stilt spørsmål rundt kva som faktisk skjer. Kva ser og høyrer eigentleg publikum, og kan dette setjast i ein logisk samanheng? Ein ting som er endå meir interessant er spørsmålet; skal publikum sjå dette? Det å iaktta noko som ein eigentleg ikkje veit om ein skal eller har lov til å sjå, gjer rolla til publikum både både til noko krevjande og spanande.

I leiligheten i Hallingsgate er scenerommet midt mellom eit kjøkken og ei stue, og romma opnast opp mot kvarandre gjennom breie døropningar. Romløysinga gjer slik at publikum ser både det som skjer på scenen og samtidig reaksjonane til publikum i det andre rommet. Døropninga gjer også at utsikten inn til scenerommet begrensast og at ein ikkje alltid får sett alt. Dette kan både oppmode publikum om å flytte seg nærare opninga, men det kan også gjere at dei vel å flytte seg lenger vekk. Slik skapast eit aktivt publikum som sjølv regisserer inntrykka sine.




Jonas Pedersen Øren 2019 — Oslo