l’après-midi d’un faune (teaser)

Performance + styling.








 

"Yet another: Ein Faun Sin Ettermiddag" vart innspelen i midten av september 2013 ved Bånntjern i nordmarka. Tanken bak prosjektet var å spele inn ein ny versjon av Nijinskij sin ballett "L'apres mini d'Un Faune". Balletten vart opprinneleg satt opp som ein del av Ballet Russes sin 1912-sesong i Paris. Den enkle og seksuelt ladde handlinga, som kjem i frå eit dikt av Mallarmés, vart skandilisert blant pariserpublikumet. Slik vart også billettane utsolgt på rekordtid. Balletten går heilt enkelt ut på ein faun som sitt i skogen og som blir seksuelt opphissa av nokre dansande nymfar han får auge på. Han får tak i ei av nymfene og tek skjerfet hennar. Balletten avsluttast med at faunen masturberer i skjerfet.
At filmen vart spelen inn i nordmarka er ikkje tilfeldig med tanke på den klare seksuelle undertonen som høyrer til originalstykket. Turområda i nordmarka er kjend for å vere stader der det føregår mykje cruising og ein kan samanlikne den våryre faunen og dei dansande, forføreriske nymfane med menneske som er på utkikk etter tilfeldige møter. Det erotiske blir med eitt meir akseptabelt når det er linka til skikkelsar i frå eventyr. Difor ser ein også ein skikkelse som kan minne om nøkken i filmen. Han er ein kjølig kontrast til den ymtande faunen. Det er interessant at seksuelle affærer ofte skjer i Oslo sine mest populære og besøkte rekreasjonsområder. Oslomarka med vatnet, den tette skogen og berga gir oss klare assosiasjonar til det som er typisk norsk, noko nesten nasjonalromantisk. Her går kjernefamilien på ski om vinteren, tur om sommaren, ein veldig kontrast til "underverda" som også held til her. Fotografen har filma meg slik at det ser ut som at faunen/nøkken heile tida er iaktteken av nokon.
Eg dansa også heile tida med ei kjensle om at eg vart sett på og at dette var noko eg naut. Som hos nymfane er den uskuldige overflata kanskje nettopp bare dette? Rørslene er også ganske ymtande og går ofte ut på å ta av lag med klede, men dei skildrar også omgivingane rundt, vatnet, trea, sivet, endene. Vatnet gir ein illusjon om rensing og utløp, noko faunen i originaloppsettinga oppnår ved sluttscena.

Thanks to: Acne Studios. Torkel Engström.




Jonas Pedersen Øren 2019 — Oslo